fredag 28. oktober 2011

Himalaya for ein tur! (Framtid som VG-journalist...?)

For turen i Peru (hausten 2008) lagde eg heile reiseruta mi i google maps og hadde egentlig tenkt å gjere det samme her, men det gjekk så mykje kjappare å knabbe dette i staden for:

Nayapul, Ghangruk, Chhomrong, Doban, MBC, ABC (!!), Doban, Jhinudanda og Nayapul var vår reiserute.

Vi reiste med bil frå Pokhara til Nayapul der turen starta og gjekk via Bire Thati (eller Birethani. Alle plassane får minst to stavemåtar ved oversettelse til det latinske alfabetet...) og Syali Bazar til Ghandruk (Ghangruk).

Hjerteknusar i Gandruk/Gandrung/Ghangruk...!


Dag to gjekk til Chhomrong som ikkje ser så langt ut, men det er tusen høgdemeter i forskjell og først måtte vi opp frå 1940 til 2100, så ned til 1750 og opp til 2200. Etter det bar det ned heilt ned igjen til 1900 og SÅ opp til 2340 moh. Som sagt tidlegare så er denne turen altså ikkje rett opp og rett ned igjen... Dag tre gjekk frå Chhomrong til Doban og alle visste at på tilbakevegen skulle vi opp alle dei 1500 trappene frå Chomrong igjen (heilt på toppen av alle trappene til venstre på neste bilete).

På tilbakturen begynte eg aa telle trappetrinn for å få inn rytmen og det gjkk overraskande greit. Men det er klart at øl til lunch i Chhomrong smakte ekstra godt..!

Det fantastiske er at omgjevnadane på denne turen er så spektakulære at ingen steintrapper klarte å skremme oss til å snu, så følget med dårlige ledd, antibiotikakur og eit ny-skada kne humpa seg vidare opp og ned trappene i dette eventyrlandskapet. Vi fann som sagt ein ny venn den første kvelden og sørkoreanaran vår viste seg å vere eit vandrande medisinskap. Med ca ein million myggstikk eller loppebitt, (gjerne akkurat der skoen trykkje sånn at ein får kontinuerlig påminning...) var det for eksmpel godt å ha multimedisinen tigerbalsam tilgjengelig. Du får kjøpt det i bøtter og spann i Nepal og det kan (skal?) brukast til alt.





Myggstikk og småplager blir lite viktig når ein vandrar i eit landskap som dette. Nokre stader var det tett skog med eit orkester av sirissar som var så entusiastiske at det var vanskeleg å halde ein samtale gåande. 

Som sagt var fotograferinga ein viktig del av turen for meg, og sida eg aldri har brukt manuelle innstilllingar på eit kamera før, brukte eg ein del tid på kvart bilete (perfeksjonisten i meg fekk verkeleg slå seg laus). Dei som kjenner meg veit òg at eg ikkje trivs så godt med å gå veldig seint, så i starten av turen fekk eg både i pose og sekk: perfeksjonering og småjogging. Eg stoppa for å ta bilete, for så å ta dei andre igjen. Av naturlege årsaker dabba denne intervalltreninga av etter vi passerte 3000 meter...



 Frå Dovan/Doban (2500) gjekk vi til Machapuchare base camp (MBC) på 3700moh som var siste stopp før toppen. I løpet av denne dagen endra omgjevnadane seg drastisk fordi vi passerte tregrensa på denne strekninga. 

Det er tre år sidan sist, men kroppen klarte seg fint i tynn luft denne gongen òg. Det var sjølvsagt tungt og den siste trappa opp mot  MBC var temmelig lang. Med tanke på at Mette eigentleg skulle ha snudd den andre dagen, var vi likevel i finfin form alle saman. 

Då vi kom til MBC var fjella gøymd bak skyene, men etter å varma oss i spisehallen ei stund sa folk at det var klarver ute. Eg hadde ikkje dei store forventningane der eg tusla mot vindauget, men fekk meg ei overrasking som på godt norsk blew me away:


Det blei litt nattfotografering her òg. Nemnde eg at eg elskar det nye kameraet mitt..?





Denne siste natta før målet låg eg ca ein cm over madrassa og berre venta på at klokka skulle bli halv fire og tid for å stå opp. Vi ville som dei fleste andre stå opp tidleg for å nå opp til ABC til soloppgong. Det ville for så vidt vere fantastisk å sjå fjella bli gradvis opplyst frå stien òg, men målet var sett og adrenalinet sørga for at eg peisa på det siste stykket frå 3700 til 4130 moh og følte meg sprekare enn nokon gong. Når ein får sjå noko slikt,


kjennes det uansett som om ein kan løfte fjell...!



Kvikklunsjen hadde overlevd  eit døgers transport (ikkje imponerande), tre veker i Mette og Ole sin varetekt (imponerande etter eit halvt år med snever tilgong på norsk sjokolade...!) og opp alle dei energikrevjande trappene mot ABC (overstadig imponerande!). 

Dette var dagens produktplassering og Freia burde sponse påskesnopet vårt frå no av..!





Vanvittig herlige folk på tidenes tur!


Bildene kan på ingen måte samanliknast med å vere der, men eg er glad eg tok 240 bilete på dei to timane vi var på toppen likevel... Eg hadde store problem med å gå derfrå og vurderte å la dei andre gå ned utan meg og bli ei ekstra natt på base camp saman med nyvunne venner. Etter å ha fått lov til å knipse litt meir var det likevel mest rett å fortsette turen saman med dei vennene eg starta med, så eg danna baktroppen ned mot MBC med foto-stopp kvar 100 meter...






Frå ABC gjekk turen tilbake til MBC for frokost, klestørk og solslikking. Vi hadde fått bestilt rom i Doban der vi overnatta på veg opp, så vi tok det med ro og lot kroppen ta seg litt inn igjen. I Doban viste det seg at det ikkje nyttar å bestille om ein ikkje møter opp før andre likevel. Etter litt om og men fekk vi eit telt og ei seng på deling, men det vart ei kald natt. Veret og utsikten dagen etter var upåklagelig og vi fekk rista kulden ut av kroppen. 

Etter å ha passert Chomrong igjen (vanvittig mange trapper og den beste Dal Bhaat i Nepal ) fekk vi tidenes belønning i Jhinu/Jhinudanda den siste kvelden i fjella: Å ligge til bløyt i ei varm kjelde nede ved elva med kald pils og stjerneklar himmel...!

Den siste dagen i fjella bar mindre preg av bratte trapper, noko som var kjærkomment for dei fleste. Men kva er dette?



Og vips, så la eg på 557 trappetrinn til turen i 36 varmegrader. Hadde eg visst at det var så varmt hadde eg kanskje revurdert. Mine nye venner var ein smule overraska over min iver etter å springe i trapper for å kikke på eit mikrokraftverk, men enkelte var nok litt meir prega av kvelden i forveien enn meg, så det er forståeleg...






Linjer i landskapet...
Stien tilbake mot Nayapul gekk gjennom ubeskrivelig nydelege omgjevnadar og det vart mange stopp for å ta inn inntrykka.




Eg kan ikkje få anbefalt denne turen nok til turglade, fjellfantar, fotogalne og generelle entusiastar! For min eigen del er dette garantert ikkje siste tur mellom kvite toppar!!



tirsdag 11. oktober 2011

4130 moh. Eitt ord; ubeskrivelig! Fleire ord; les under...

Eg er mållaus. Men det varer som kjent ikkje lenge og eg skal prøve å gjengi korleis dei siste dagane har vore. Eg gjekk fjelltur på så høgt som 4750 moh i Peru, men det er forskjell på tre dagar i fjellet og sju dagar med 5-6 timar i snitt i bratt terreng der handlinga oftast utspelar seg i steintrapper...

Reisefølget bestod av seks venner; tre norske og tre nepalesiske. I tillegg var Rizu sin "bai" med. Ordet betyr veslebror, noko eg syns er ein fin måte å tiltale ei hushjelp når ein først skal ha eit slikt system. Vi reiste frå Kathmandu til Pokhara forrige lørdag og ein tur på ca 14 mil tek heile dagen med bil... Ein tur langs Nepalesiske vegar er ei oppleveing i seg sjølv, så for meg flyr tida der vi humpar oss avgarde på skranglevegane.

Som nemnd er Nepal eit land av kontrastar...

Soloppgong over Pokhara før avreise søndag


Eg trur dei fleste av oss hadde ei førestilling om at opp til basecampen skulle det vere temmeleg bratt oppover heile vegen og derfor nedoverbakke heile vegen tilbake. Vi forstod fort at vi måtte snu litt på denne tankegongen om motivasjonene ikkje skulle få seg ein knekk. Omlag kvart tehus låg på ein bakketopp og dei er det mange av..! Ved tehusa kan ein få mat, overnatting og te så klart... Det er litt sånn hytte-til-hytte i den norske fjellheimen, men på menyen står det masala-te og Daal Bhaat.

Turens beste Daal Bhaat med kylling i Chomrung
...og sånn reiser kyllingen til matfatet i fjellheimen.

Slutten av den første dagen vart vi søkkblaute i regnet etter lunch og det var godt å tømme innpå ca fem koppar te til kvelds i Ghandruk. Her traff vi òg sørkoreanaren Jung Hoon, forkorta AJ (!). Vi spurte om han reiste aleine. Ja, det gjorde han foreløpig, men det kunne jo kanskje hende at han traff nokre venner på vegen...! Han blei sjølvsagt umiddelbart ein del av gjengen vår.

AJ, Raajib, Pooja, Rizu, Mette og Ole.

Kjøkkenet



Vi hadde fått høyre at vi ikkje trengte så mykje varme klede med oss, noko som ikkje stemte heilt. Det tok lang tid å få varmen i seg og vi vart skeptiske til at vi skulle stige frå drøye tusen meter til 4130 og frøys allereie på 1940 moh i Ghandruk. Dagen etter vokna vi til ein nydeleg utsikt, men òg til at Mette var såpass dårleg i formen at ho skulle reise heim igjen. Heldigvis kom ho ikkje langt før staheten fekk ho til å snu tilbake til oss! I Chomrong same kveld fekk vi kjøpt litt meir frykteleg stygge, men varme klede og turen gjekk jamnt og trutt mot målet med ein overprisa 80-talls genser i sekken.

Morgonstemning i Ghandruk. Annapurna til venstre og Machhapuchhare (Fishtail) til høgre.

Meir om fjellturen og fleire bilete kjem etter kvart.




torsdag 29. september 2011

Tida flyr!

Eg har vore i Nepal i halvanna veke og som forventa kjennes det både som om eg kom i går og som eg skulle ha vore her ein månad allereie. Denne ferien er ein kombinasjon mellom å besøke Mette og Ole og å oppleve Nepal. Eg har det temmelig luksus med eit eige rom i leiligheten deira, så eg kan ikkje kalle dette backpacking...!

Kathmandu er akkurat så bråkete og fascinerande som Mette har beskrive og det er alltid noko å glane på her. Mine fabelaktige vertar har motorsykkel og det er ein strålande måte å komme seg rundt i denne byen viss ein toler kaoset i trafikken. Det går aldri noko særleg fort på grunn av konstant trafikkork, så det er ikkje så veldig skummelt sjølv om det tilsynelatande går vilt for seg.

Mette og Ole jobbar ein del på dagtid, men eg trivs veldig godt med å oppleve ein ny by ved å rusle rundt aleine. Ein sånn dag fann eg ein kafè som var så smal at det berre gjekk eit bord i breidda i kvar etasje. Det er heilt fantastisk å snuble over sånne perler som for eksempel viser seg å ha ein liten takterasse eg kan nyte utsikten frå.









Mykje i Kathmandu er samanaliknbart med andre utviklingsland eg har sett; fargane, luktene og lydane er overveldande og kontrastane er enorme. Dei har likevel sine eigne måtar å ordne ting på her og med tanke på kva eg jobbar med var denne standarden for nettilkopling umogleg å oversjå. Plasseringa av skiltet treng vel ingen ytterlegare kommentar...


Rett før turen gjekk eg endelig til innkjøp av speilreflekskamera. Eg brukte dei siste dagane før på å finne ut kva kamera eg ville ha og då fotobutikken på Majorstua opna klokka 10 samme dag som avreise, stod eg og skrapa på døra. Dei fekk ein  flying start på salget den dagen og eg satt på flytoget fem på 11 med ein "ny baby". Testing, prøving og feiling med nytt kamera på det vanvittige utvalget motiv som fins her er derfor ein viktig del av denne turen. 

I desse dagar planlegg vi ein ti-dagars fjelltur som går til Annapurna Base Camp, der høgste punkt er 4130 moh. Som alle andre som reiser hit har eg fått den berømte Kathmandu-hosten og var temmelig forkjøla nokre dagar. Ole og Mette har hatt sine luftvegsproblem, men vi kryssar fingrane for at vi alle har rista det av oss innan søndag når vi startar turen. I tillegg har ei av dei andre i følget vårt dårlege ledd, så med litt astmamedisin og ein rulator er denne spreke gjengen klar for tur! Vi kjem til å ta det veldig rolig og det er jo aldri for seint å ta med kompass. Eller var det å grave ned ei appelsin i tide?