torsdag 29. september 2011

Tida flyr!

Eg har vore i Nepal i halvanna veke og som forventa kjennes det både som om eg kom i går og som eg skulle ha vore her ein månad allereie. Denne ferien er ein kombinasjon mellom å besøke Mette og Ole og å oppleve Nepal. Eg har det temmelig luksus med eit eige rom i leiligheten deira, så eg kan ikkje kalle dette backpacking...!

Kathmandu er akkurat så bråkete og fascinerande som Mette har beskrive og det er alltid noko å glane på her. Mine fabelaktige vertar har motorsykkel og det er ein strålande måte å komme seg rundt i denne byen viss ein toler kaoset i trafikken. Det går aldri noko særleg fort på grunn av konstant trafikkork, så det er ikkje så veldig skummelt sjølv om det tilsynelatande går vilt for seg.

Mette og Ole jobbar ein del på dagtid, men eg trivs veldig godt med å oppleve ein ny by ved å rusle rundt aleine. Ein sånn dag fann eg ein kafè som var så smal at det berre gjekk eit bord i breidda i kvar etasje. Det er heilt fantastisk å snuble over sånne perler som for eksempel viser seg å ha ein liten takterasse eg kan nyte utsikten frå.









Mykje i Kathmandu er samanaliknbart med andre utviklingsland eg har sett; fargane, luktene og lydane er overveldande og kontrastane er enorme. Dei har likevel sine eigne måtar å ordne ting på her og med tanke på kva eg jobbar med var denne standarden for nettilkopling umogleg å oversjå. Plasseringa av skiltet treng vel ingen ytterlegare kommentar...


Rett før turen gjekk eg endelig til innkjøp av speilreflekskamera. Eg brukte dei siste dagane før på å finne ut kva kamera eg ville ha og då fotobutikken på Majorstua opna klokka 10 samme dag som avreise, stod eg og skrapa på døra. Dei fekk ein  flying start på salget den dagen og eg satt på flytoget fem på 11 med ein "ny baby". Testing, prøving og feiling med nytt kamera på det vanvittige utvalget motiv som fins her er derfor ein viktig del av denne turen. 

I desse dagar planlegg vi ein ti-dagars fjelltur som går til Annapurna Base Camp, der høgste punkt er 4130 moh. Som alle andre som reiser hit har eg fått den berømte Kathmandu-hosten og var temmelig forkjøla nokre dagar. Ole og Mette har hatt sine luftvegsproblem, men vi kryssar fingrane for at vi alle har rista det av oss innan søndag når vi startar turen. I tillegg har ei av dei andre i følget vårt dårlege ledd, så med litt astmamedisin og ein rulator er denne spreke gjengen klar for tur! Vi kjem til å ta det veldig rolig og det er jo aldri for seint å ta med kompass. Eller var det å grave ned ei appelsin i tide?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar