tirsdag 11. oktober 2011

4130 moh. Eitt ord; ubeskrivelig! Fleire ord; les under...

Eg er mållaus. Men det varer som kjent ikkje lenge og eg skal prøve å gjengi korleis dei siste dagane har vore. Eg gjekk fjelltur på så høgt som 4750 moh i Peru, men det er forskjell på tre dagar i fjellet og sju dagar med 5-6 timar i snitt i bratt terreng der handlinga oftast utspelar seg i steintrapper...

Reisefølget bestod av seks venner; tre norske og tre nepalesiske. I tillegg var Rizu sin "bai" med. Ordet betyr veslebror, noko eg syns er ein fin måte å tiltale ei hushjelp når ein først skal ha eit slikt system. Vi reiste frå Kathmandu til Pokhara forrige lørdag og ein tur på ca 14 mil tek heile dagen med bil... Ein tur langs Nepalesiske vegar er ei oppleveing i seg sjølv, så for meg flyr tida der vi humpar oss avgarde på skranglevegane.

Som nemnd er Nepal eit land av kontrastar...

Soloppgong over Pokhara før avreise søndag


Eg trur dei fleste av oss hadde ei førestilling om at opp til basecampen skulle det vere temmeleg bratt oppover heile vegen og derfor nedoverbakke heile vegen tilbake. Vi forstod fort at vi måtte snu litt på denne tankegongen om motivasjonene ikkje skulle få seg ein knekk. Omlag kvart tehus låg på ein bakketopp og dei er det mange av..! Ved tehusa kan ein få mat, overnatting og te så klart... Det er litt sånn hytte-til-hytte i den norske fjellheimen, men på menyen står det masala-te og Daal Bhaat.

Turens beste Daal Bhaat med kylling i Chomrung
...og sånn reiser kyllingen til matfatet i fjellheimen.

Slutten av den første dagen vart vi søkkblaute i regnet etter lunch og det var godt å tømme innpå ca fem koppar te til kvelds i Ghandruk. Her traff vi òg sørkoreanaren Jung Hoon, forkorta AJ (!). Vi spurte om han reiste aleine. Ja, det gjorde han foreløpig, men det kunne jo kanskje hende at han traff nokre venner på vegen...! Han blei sjølvsagt umiddelbart ein del av gjengen vår.

AJ, Raajib, Pooja, Rizu, Mette og Ole.

Kjøkkenet



Vi hadde fått høyre at vi ikkje trengte så mykje varme klede med oss, noko som ikkje stemte heilt. Det tok lang tid å få varmen i seg og vi vart skeptiske til at vi skulle stige frå drøye tusen meter til 4130 og frøys allereie på 1940 moh i Ghandruk. Dagen etter vokna vi til ein nydeleg utsikt, men òg til at Mette var såpass dårleg i formen at ho skulle reise heim igjen. Heldigvis kom ho ikkje langt før staheten fekk ho til å snu tilbake til oss! I Chomrong same kveld fekk vi kjøpt litt meir frykteleg stygge, men varme klede og turen gjekk jamnt og trutt mot målet med ein overprisa 80-talls genser i sekken.

Morgonstemning i Ghandruk. Annapurna til venstre og Machhapuchhare (Fishtail) til høgre.

Meir om fjellturen og fleire bilete kjem etter kvart.




1 kommentar: